Simulator klar for bruk

Det er med glede me kan annonsere at vår nye golfsimulator no er operativ og klar til å ta imot alle som ynskjer å prøve.

Det har vore gjort eit fantastisk stykke dugnadsarbeid, primært av arbeidsleiar Jens, med god hjelp av Oddvin, Rasmus Atle, Arne og Jan. Dette har gjort at me har fått eit fantastisk rom og nye toalett.

Det hadde heller ikkje vorte noko av utan god hjelp av Atle og ikkje minst Ole-Kristian. Les meir

Golfsimulator

Tysnes Golfklubb planlegg innkjøp og installasjon av golfsimulator

Tysnes Golfklubb har ynskje om å utvide golfsesongen til heilårs aktivitet. Dette vil me gjera ved å bygge om klubblokalet vårt og installere fullskala golfsimulator.  

På den måte kan ein drive golfaktivitet heile året, ute på Dalen golf i sommersesongen. Og inne på simulatoren både sommer og vinter 

Ein simulator vil auka vårt tilbud til tysnesinger og tilreisande til det doble. Me vil bruka simulatoren i rekrutteringsøyemed, og vil kunne tilby kurs/teambuilding og turneringer for interesserte. 

Ombygging av klubblokale er planlagt gjort på dugnad av vår ivrige medlemmer.

 Tysnes Golfklubb håper du vil være med å bidra til realisering av dette prosjektet.