Simulator klar for bruk

Det er med glede me kan annonsere at vår nye golfsimulator no er operativ og klar til å ta imot alle som ynskjer å prøve.

Det har vore gjort eit fantastisk stykke dugnadsarbeid, primært av arbeidsleiar Jens, med god hjelp av Oddvin, Rasmus Atle, Arne og Jan. Dette har gjort at me har fått eit fantastisk rom og nye toalett.

Det hadde heller ikkje vorte noko av utan god hjelp av Atle og ikkje minst Ole-Kristian.

Dersom du vil prøve, lyt du bestille tid i Golfbox. Du kan ta med deg spelarar som ikkje har VTG kurs, men det vert eit krav at ein har spelt før. 

Oppstart av simulator er veldig enkelt. Trykk på den store knappen på bordet. Same knapp for å slå av.
Vent til bilde på skjerm viser dette bilde. Du vel enten trening, banespel, turnering el. Herifrå er det berre å prøve seg fram.

Pris: 200 kr pr heil time. Gjeld uansett antall spelarar. Max 4 spelarar samtidig.
Betaling skjer via Vipps. Skann QR kode på benken, eller søk opp Tysnes golfklubb Simulator.
Legg gjerne att ei melding på Vipps.

Det skal brukast reine Golfsko eller liknande, ikkje skitne utesko inne på matta.

Døra inn til simulator er låst med kodelås. Koden kjem fram på meldinga når du booker i Golfbox.
Koden består av stjernetegn,6 tall og stjernetegn. Døra låses automatisk når den lukkes.

Eit tips er å laste ned appen Trackman Golf, som er kjekk å ha. Les meir om appen her

Lukka til, håpar du vil nytta deg av dette flotte tilbudet fra Tysnes Golfklubb.

PS, i skrivande stund er ikkje nye toalett operative men det er snakk om kort tid før alt er på plass