NM Pitch og Putt senior

Me gratulerer Rasmus Atle Dalen som Norgesmeister pitch & putt Senior 2019. I ein særs jamn batalje fullførde han begge 18-holsrundane med solid spel. Nr 2 vart Per Asgeir Ottesen frå Kristtornskogen med same score som vinnaren. Rasmus Atle gjekk føre grunna lågare hcp. Nr 3 vart fjorårsmeisteren, Jens Hinderaker, også han frå Kristtornskogen GK.

Meisterskapen inngjekk også i Norwegian Master (kvalifisering til neste års VM for lag).
Her går det på brutto slag og dei 3 beste over 2 rundar vart Arne Strandenes, Geir Ove Rydningen og Oddvin Flornes.
Arne Strandenes oppnådde også ‘hole in one’ på hol 3. Tøft ! ?

Golfklubben takkar alle deltakarar for ein suveren dag på banen ! ??

Fullstendig resultatliste her:

Vinnar bilete frå venstre
Rasmus Atle Dalen, Per Asgeir Ottesen, Jens Hinderaker, Jens Flornes, Arne Strandenes og Nestor Putian.