Simulator Vinterserie 22/23


Invitasjon til Vinterserie 22/23 på Simulator

Me set opp serie spel der det vert spelt på 8 ulike baner, spelt som Order of Merit
Det vert nytta Trackman handicap og innlogging via Trackman Golf app på telefon.

Dei 8 rundene vert spelt i rekkefølge, og kvar bane er åpne for spel i tre veker etterfulgt kvarandre. Første bane opnar for spel 12. september, med bane #2, fire veker seinare

Det vert standard oppsett, med calm wind, og soft greener. Gimme distance er og sett opp.

Order Of Merit (OoM) betyr i korte trekk at ein kan spele så mange baner ein vil. Total poengsum ved turneringslutt, angir plassering. Så om du mister ein bane, eller ikke finn tid, vert du likevel med på resultatlista. 

Tid bookes for deg sjølv og eventuelt din fligt, i Golfbox, under Tysnes Golfklubb og simulator.
Startkontigent per spelar: 150 kr/ runde. Dette inkluderer simulatorleige. Kan ikke trekkjast fra forhåndsbetalt sum.

Vipps betaling til:#723881, Tysnes Golfklubb Simulator.
Merk betaling med ditt navn og runde nr

18 hol med 2 personer, tar +/-  2,5 timer

For at du skal kunne delta, er det eit krav.
Du lyt ha registrert ein 18 hols runde på simulator, gjennom Trackman Golf app. 
Les meir om Trackman golf app her

Når du har fått app på plass på mobilen, kan du booke deg ei tid, logge inn på banespel på kva bane du vil ved bruk av Tracman Golf app. når banen er ferdig spelt, vil den dukke opp som aktivitet på din app. Du er dermed klar for vinterserie 22/23

Vinterserien ligg under “Tournaments” , når ein starter simulatoren. Bane som er åpen kjem og opp automatisk, så berre logg deg på og spel i veg

Ved bruk av Trackman golf app, kan du velge sjølv om du vil spele runden åleine, eller saman med andre. Kan i hektiske tider verta vanskeleg å finne passande tid for alle i ein oppsett flight, slik det vart gjort i forrige vinterserie. 

Scorekortet ditt under Vinterserie, vert registrert automatisk, inne på turneringa, så den treng du ikke tenkje på.

Lukka til.