NM Senior 2019 Pitch & Putt

NM Senior 2019 Pitch & Putt – Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane
(Begge 18-hols rundar inngår, kvar for seg, i Norwegian Master lokalturnering).

Tidspunkt: Søndag 16. juni 2019 kl. 10.00

Meisterskapet vert spelt i 1 klasse som slagspel netto(HCP) over 2 rundar, begge på 18 hol. Aldersgrense for å kunna delta er at ein må vera fylt 50 år innan utgongen av 2019. Dette gjeld for både damer og menn.

Det vert spelt etter Pitch og Putt reglane til FIPPA saman med dei nye golfreglane gjeldande frå 1. januar 2019. Ved lik score etter 36 hol vinn den med lågast HCP. Dersom det framleis er likt, vert det omspel på hol 18 til ein meister er kåra.

Endeleg timeplan for dagen vert sett når antal deltakarar er klart.

Premiering NM:
Dei 6 beste på nettoscore og den med best bruttoscore.

Startkontingent: Kr 300,- pr. deltakar (inkl. enkel servering og avgift NMA). Betaling ved oppmøte/registrering.  Frammøte seinast ½ time før start.Startkontingent inkluderer eventuell treningsrunde fredag.

NB !! Då rundane inngår i Norwegian Master (kvalifisering til neste års VM for lag) kan spelarar under 50 år også delta, utan at dei er med i NM.

Påmelding: Innan 9. juni på e-post til tysnesgolf@online.no evt. mobil 97956977 eller 97155256, gjerne samla frå den enkelte klubb.

Velkomen til Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane, Dalsvegen 260, 5685 Uggdal.
www.tysnesgolf.no

Invitasjon i PDF format for utskrift