NM Pitch og Putt 2018

Jens Hinderaker frå Kristornskogen GK vann klart NM 2018, med Rasmus Atle Dalen og Helge Liland på dei neste plassane. Gratulerer.

Den varmaste dagen så langt i år, la nok ein litan dempar på innsatsen i andre omgong. Ikkje for å klaga, men for oss litt opp i åra, er det ikkje så lett å halda på konsentrasjonen over to rundar i slik varme.

NM for seniorar er ei turnering der me premierer ut frå netto reultat, men beste spelar i brutto blir òg premiert. I år blei det Frank Vidar Johnsen frå Sola GK.

Resultatlista finn du her