Ønskjer du starta å spele golf?
Det kan gjerast på følgjande måte:
Ta nettbasert kurs på teoridelen, og deretter den praktiske delen hos oss.
Kurset finn du her:
Lag deg ein profil på “minidrett” og ta kurset. Ta bilde, eller last ned kursbevis.
Ta så kontakt, og me samlar dei som har tatt teorien, til ein felles praktisk del.
Kursavgifta for den praktiske delen, er eit års medlemskap, med spillrett dvs 2000,-
Du kan då spele på vår bane så mykje du ønskjer, utan ekstra greenfee. I praksis får du dermed kurset gratis mot medlemskap.
Når du er klar til teori, sender du mail til post@tysnesgolf.no med følgjande info:
Fullt navn
Adresse, postnummer og stad
Fødselsdato og år
mobilnummer
Gyldig e-postadresse
Bilde av, eller kursbevis frå bestått online kurs