Pitch & Putt miniturnering 36 hol

Tysnes/Kristtornskogen – 36 hol pitch & putt

Med 18 hol  på Dalen Golfbane Tysnes og 18 hol på Kristtornskogen Golfpark Stord.

Start:
Valfritt fom Onsdag 16. juni, til og med Søndag 20. Juni kl. 19:00.
Minimum 2 deltakarar pr flight
Bilde av scorekort Tysnes sendes til Oddvin Flornes på messenger eller sms til 97155256 – scorekort Stord sendes til Hans Langeland på same måte, mobil 95750211.
Spel/reglar
Ingen krav til klubbmedlemskap.
Det vert spelt i 2 klassar.
Klasse 1 – slagspel Scratch
Klasse 2 – slagspel med P&P HCP Det vert spelt etter Pitch & Putt reglane til FIPPA – 2 køller pluss puttar og utslag frå kunstgrasmatter med minimum 5 mm høg peg. Elles skil ikkje reglane seg stort frå vanlege golfreglar. Lokale reglar på scorekort.
Ved like vinnarresultat etter 36 hol vert den med best resultat siste 9/6/3/1 kåra til vinnar av klasse 1, og den med lågast HCP i klasse 2.

Premiering
Til dei 3 beste i kvar klasse.

Startkontingent
Kr 350,- ved påmelding til Vipps 662985 eller til konto 3525.11.14682.

Påmelding
BINDANDE påmelding innan måndag 14. juni kl 24.00 til Hans Langeland eller Oddvin Flornes med info om kva klasse ein ynskjer å delta i.

Minst 20 deltakarar for gjennomføring. (Tilbakebetaling dersom avlysing).

Arrangør:
Kristtornskogen Golfpark, Udnadalen 5, 5411 Stord
Tysnes Golfklubb, Dalsvegen 260, 5685 Uggdal