O-Tour 9 hol

Ei ny turneringsform.

I år har me lagt opp til ei ny truneringsform som me håpar mange vil finne kjekk. Det er basert på at det i dei seinare år, har vorte oppfordra frå sentralt hald, å starte med 9 hols turneringer. Å gå 18 hol er som kjent tidkrevende, og det er ikkje alle som finn tid til dette i ein ellers travel kvardag. Derfor vert det no lagt opp til ei turneringsform med 9 hol på kvar runde.

Denne runden kan ein og gå og registrere i forkant, dersom ein ikkje har anledning den dagen runden er sett opp på kalenderen. Ein lyt då alliere seg med ein annan som ønskjer å gå runden, slik at de vert markører for kvarandre. 
Signert scorekort, av både spelar og markør, vert lagt i kasse i klubbhus, slik at resultat vert lagt inn truneringsdag og ein får ei komplett resultatliste.

O-Tour er lagt opp til å verta spelt Onsdagar,  med startid kl. 10:00 eller 17:00
Det er sett opp 11 rundar, der dei 6 beste rundene er teljande ved sesongslutt.

Rundane kan som nemnt spelast i forkant, ein har mulighet frå Torsdag kveld, like til Tysdag kveld om ein finn det betre.

Du finn meir informasjon om O-tour, datoar, prisar her:

Pitch & Putt M-tour går som vanleg på mandager etter same lest som i fjor.

Mykje å halde styr på? 

Abonner på kalenderen vår, så får du alle hendelsene rett på mobil eller nettbrett/PC.
Det gjer du ved å klikke på abonner knappen i kalenderen, for så velge kva plattform du vil ha.