Joker Uggdal Open

Fin ettermiddag på golfbanen då Joker Uggdal Open vart spelt. Dei 3 beste i dag vart

Brutto:
Reidar Aarskog, 80 slag
Oddvin Flornes, 81 slag
Jan Gunnar Tufta, 85 slag

Netto:
Oddvin Flornes, 68 slag
Jan Vaage, 69 slag
Reidar Aarskog, 70 slag

Golfklubben gratulerer vinnarane og sender ei stor takk til Joker Uggdal for flotte premiar som alle falt i smak hos vinnarane. 👍👍

Resultatliste her

Dei 2 lagturneringane som er sett opp i terminlista på mandag og onsdag slår me saman. Mandag 1/7 kl 17.00 spelar me då 9 hol pitch & putt og 9 hol golf i same turnering. Det vert spelt Foursome på alle hol.

Møt opp så trekkjer me lag blant dei som møter. 😊

Ellers er det lurt å melda seg på Tysnesfest Open i golfbox snarast, før det vert fullt.