Årsmøte Referat

Bra oppmøte på Årsmøtet 25 Mars.

Les referatet under:

 Årsmøte i Tysnes Golfklubb 2019 

Sak 1. Innkalling: 

Sak 2. Årsmelding: 

Sak 3. Rekneskap: 

Godkjent 

Sak 4. Terminliste 

Godkjent slik den ligg føre 

Sak 5. Turnering mandagar og onsdagar 

P&P-turnering om mandagane klokka ti og fem. Lagspel første mandag i månaden. 

Langgolf over 9 hol om onsdagane til samme tid. Poengrekninga for langgolfen blir slagspel (maks 5 over banens par) minus handicap. Me vekslar mellom “frontnine” og “backnine” anna kvar veke. Første onsdag kvar månad blir det lagspel. 

Dei som ikkje kan delta desse dagane, kan spela turneringa saman med ein markør ein annan dag i forkant av turneringa. (Frå og med fredag til og med turneringsdag). Signerte skorekort må leggjast i klubbhuset. Premieringa i begge turneringsformene blir trepakning med golfballar til den beste. Ein større premie til dei tre beste etter sesongslutt. Dei seks beste rundane er teljande. 

Sak 6. Premiering for klubbmeisterskap 

Langgolf: Premiering for slagspel netto og brutto 

P&P: Premiering for brutto og netto 

Sak 5. Dugnad: Ole gjev beskjed nå me må samla ein dugnadsgjeng 

Val: Styret for 2019 

Oddvin, Flornes, Sindre Tysnes, Jan Gunnar Tufta, Bjørn Inge Leithe og Jan Vaage (leiar) Vara: Atle Andersland 

Les Årsmelding for 2018