God sesong for Oddvin

2018 blei ein svært god sesong for Oddvin.

Han har vunne både «Sunnhordlandstouren» og «Tysnestouren» både brutto og netto.

I og med at han ligg som nr.tre i Norwegian Master 2018, skal han saman med ti andre golfarar, representera Noreg i EM 2019 i England.

Me er stolte over å ha ein så god spelar i klubben vår.

Klubbmesterskap Pitch og Putt

Den tolvte og siste måndagsturneringa blei avvikla i brukbart spelevær, sjølv om regnet sjølvsagt måtte blanda seg inn i siste delen av runden.


Deltakarane frå Tysnes GK blei òg med på klubbmeisterskapet. Her blir den beste nettospelaren klubbmeister som i år blei Arne Dalsgård. Gratulerer så mykje

Resultatliste Tysnestour 12 finn du her

Resultatlista Klubbmesterskap finn du her